Hordaland


Rapportane i fylkesprognoser.no for Hordaland 2015 er todelt: ein for befolkning og ein for bustadbehov. Vi vil anbefale at ein les befolkningsprognosen (AUD-rapport nr 3.1-2015) først.

Rapportane inneheld hovudsakeleg data på fylkesnivå, men utvalde data på kommunenivå er inkludert, og fleire data kan framskaffast på førespurnad, samt er å finne på http://statistikk.ivest.no

Rapportane er utarbeidd av stabseining for analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Kontaktperson er Stian Skår Ludvigsen, stian.ludvigsen@hfk.no

AUD-rapport nr 3.1-2015 Fylkesprognosar Hordaland 2015-2035 Befolkning


Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin hovudprognose for befolkningsutviklinga fram mot 2035. Prognosen er basert på fødselsoverskot (berekna etter siste fødsels- og dødsratar) og eigne prognosar for flytting

AUD-rapport nr 3.2-2015 Fylkesprognosar Hordaland 2015-2035 Bustadbehov


Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin prognose for framtidig bustadbehov i Hordaland fram mot 2030, og er basert på fylkeskommunen sin prognose for framtidig folketal som er publisert i AUD-rapport nr 3.1-2015 - Fylkesprognosar Hordaland 2013-2035: Befolkning.